Etter 18 timar i buss ankom vi endeleg Iguazu og Hostel Inn som vi hadde booka på forhånd. Sidan verken Anna eller eg har vore i Uruguay under vårt opphold i Buenos Aires(som ville gitt oss et nytt stempel i passet) vart vi tvungne til å ta oss over til den brasilianske sida av fossane, slik at turistvisumet vart forlenga. Turen var våt, men koselig! Og fossane var veldig fine.

Spenstig turist med kart, flat sekk, rumpetaske, goretex-sko og sjölvsagt allvèrsjakka!

Ein snilll fransk og engelsktalande brasilianer tok dette fantastiske bildet.
Turen til Brasil var ein fin warm-up til dagen etter når vi skulle i den store argentinske Iguazuparken. Det vart ein tidleg kveld, i og med at det vart relativt lite somn i den kalde bussen natta før. Dagen etter derimot var det tidleg opp og avgårde til dei fantastiske fossane. Parken var stor og ein kunne gå små vandringar i Iguazujungelen for å komme seg til dei forskjellege destinasjonane. Først opp var Garganta del Diablo (the devil`s throat) som var eit av høgdepunkta:

Min nye kompis frà den vesle togturen gjennom jungelen tok turistbilete #3. Han var opprinneleg argentiner, men flytta til California 50 àr tilbake. Eigentleg heiter han Carlos, men han skifta namn til Charles, som sjölvsagt klang litt betre i statane.

Utsikta var fantastisk, og det var vaaarmt og deilig. Alle fekk litt singlettskilje den dagen, verkeleg nögd med det.

Vi vandra deretter ein time i jungelen saman med hundrevis av amerikanerar og tyskarar, og kom til slutt fram til högdepunkt #2: bàttur gjennom fossane. Jippi!


Fossane de ser i bakgrunnen kjórte vi rett gjennom og vart dryppande vàte, det var SÀ göy!
Pà veg tilbake frà dagen vàr i iguazu mötte vi ein mann som spelte harpe:

Blodfan nr.1 stàr ved hans side og hadde nok gàtt gjennom ild og vatn for han, skal en analysere blikket ho gav han.
Dà vi pà kvelden kom tilbake til vàrt Hostel Inn, fann Silje, Anna og eg ut at vi màtte utnytte det fine badebassenget medan vi framleis budde der. Sà i mörkret kraup vi fram frà vàrt lille reir og plaska rundt i smug.
Seinare pà kvelden nàr baren opna, kom vi i snakk med ein frà Göteborg og tre rare, men koselege sveitsera som syns det var hysterisk morsomt at eg forstod ord som til dömes "giggelisuppe".
Vàr neste buss-ride gikk fra Iguazu klokka elleve dagen etter. Sà vi tok eit herleg morgonbad (sjà opp for bilder pà facebook) og reiste avgàrde i ikkje mindre enn 23 timar i strekk.
For à variere og bevare vàre sterke kjaerleiksforhold. bestemte vi oss for à splitte lag i Salta. Sà no har Silje og eg tilbragt eit dögn i Terra Oculta youth hostel og har blitt kjend med briten Dave og hollenderen Loek (eigentleg Luciano, ikkje spör). Hittil har vi har vore med ein heis pà ein minifjelltopp og funne ein super tilfeldig bar med dei aller aller (kanskje til og med verdens) beste strawberry daquiryane. No skal vi til eit stort, men forlatt svómmebasseng i nabolaget og tilbringe ein deilig dag der. OG kanskje skrive litt postkort, kven veit?
Christine